Velkomen til Alpakka Norge

Nyttårsafta 2004, for over fem år sidan, importerte vi dei 15 første alpakkaene som nokon gong har kome til Norge. Dei kom frå Chile. Sidan den tid har Alpakka Norge teke inn 70 alpakkaer gjennom 5 forskjellige importar.

Den siste importen fann stad vinteren 2009, då vi saman med Tim Hey frå Inca Alpaca i England reiste til New Zealand for å plukka ut 25 svarte og kvite alpakkaer til oppdrettarar her i Noreg. I September 2009 var dei ferdige med nesten 8 månader karantene.

Då Alpakka Norge vart skipa var målet vårt å etablere ei ny nisjenæring innan norsk landbruk. Eit langsiktig mål, som framleis står ved lag.

Avlslag

I dag er 24 alpakkaentusiastar organisert i Norges Alpakka Avlslag. I løpet av 2010 vil medlemmene drifte over 200 alpakka. Avlslaget har også oppretta eit norsk avlsregister der alle alpakkaene blir registrert.

I 2010 vil næringa arrangere Norges første alpakkautstilling (første alpakkautstilinga i Noreg).

Norsk Alpakka

Norsk Alpakka (www.norskalpakka.no) er ein organisasjon som er etablert for å utvikle, produsere og selje alpakkaprodukt av norsk alpakkafiber. Vi har vore i drift sidan medio desember 2009.
Nyheiter frå og om Alpakka Norge
Alpakka Norge i Alpaca World Magazine(19. Januar 2010) Alpakka Norge hadde også ein artikkel på trykk i siste utgåva av Alpaca World Magazine. Les meir
Alpakka Norge i Alpaca World Magazine(1. November 2009) Alpakka Norge hadde ein artikkel på trykk i siste utgåva av Alpaca World Magazine. Les meir
Alpakka Norge i Migrapolis på NRK(20. Mars 2009) TV-programmet Migrapolis hadde 11. mars ein reportasje om mellom anna Alpakka Norge. Besøk linken under og sjå innslaget på NRK (innslaget går over heile episoden).Sjå innslaget på NRK nett-TV
Import 2009 (Sunnmørsposten)(28. Januar 2009) Vi har no importert 25 nye Alpakkaer frå New Zealand. Følg linken under og sjå videoreportasje på Sunnmørsposten sine nettsider.Sjå innslaget på Summørsposten sine nettsider
Sjå nyheitsarkivet for eldre nyhende.
Alpakka Norge v/ Connie og Olav Reidar Haugen, Indre Haugen, 6763 HORNINDAL, Tlf.: (+47) 57 87 91 88, Mobiltlf.: (+47) 905 66 622, E-post: post@alpakkanorge.no