top of page

Velkomen til Alpakka Norge  i Hornindal

Oppdrett og fiberproduksjon av, og med, glade dyr

Er alpakkaoppdrett noko for deg?

Alpakka Norge var den første alpakkaoppdrettaren i Noreg og har lang erfaring frå oppdrett og avl. Vår prislønte fiberproduksjon er i verdsklasse. Vi ønskjer å auke interessa for alpakkadrift i Noreg, og hjelper deg gjerne med råd om oppstart og vidare dyrehald.


Vi jobbar aktivt for at fleire skal få auga opp for disse flotte dyra, og mulegheitene ved å satsa på alpakkadrift. Ta gjerne kontakt for ein hyggjeleg alpakkaprat.

Noe for deg?

Steg for steg hjelper vi deg med å realisere draumen.

Første import av alpakka fra Chile i 2005!

​

1. januar 2005 importerte vi dei 15 første alpakkaene til Noreg. Sidan har det vore nokre interessante år og ei fantastisk utvikling. Gjennom disse åra har vi importert alpakka frå Australia, New Zealand, Chile og England. I alt har vi importert over 100 alpakka, der dei fleste er selt vidare til andre som ønskte å satse på alpakkaoppdrett.
 

20220604_140632.jpg
20220604_110458_edited.jpg

Difor satsar vi på alpakka

Vi avlar på alpakka fordi den produserer verdas finaste ull og fiber. Målet framover er å få alpakkaen til å produsere ei større mengd fiber av høg kvalitet.
Kanskje kan vi få sjå alpakka som produserer 10 kg fiber av høg kvalitet i framtida!


Kloden vår har etter kvart vorte ganske stressa, og fokus på utnytting av ressursane si berekraft vil bli meir og meir viktig. Av om lag 70 milliardar kg stoff/fiber produsert kvart år til kle er berre 1,8 (2%) frå dyr. Resten er oljebasert fiber (cirka 60%) og dessuten bomull (cirka 40%). Difor er potensialet enormt.

​

Moment som utslepp av karbondioksid i produksjonen av fiber, og dessutan nærleik til marknadane blir stadig viktigare. For allergikarar er og alpakkafiber særs gunstig.

bottom of page