
Viktig
Ved import satsar vi på dyr av topp kvalitet, samstundes som vi søkjer å oppnå fornuftige prisar. På hingstesida vil vi alltid forsøke å ha nytt blod å tilføre det norske markedet som kan måle seg med det beste i verden.
Vårt opprinnelege mål var å medverke til å få i gang ei ny nisjenæring i form av alpakkaoppdrett. Med den store og aukande interessa for alpakkadrift blant nordmenn ser det ut som at det vil lukkast med tida.
Vi vil også vere med og aktivt arbeide for at fleire får augene opp for desse flotte dyra og dei mulegheitene det er ved å satse på alpakkadrift.
Vi vil også fortsette, å satse på oppdrett og vidaresal. På sikt er målsetjinga å ha ein alpakkabuskap på rundt 200 avlsdyr.
Vårt team

Connie R. Haugen
Grunder og oppdretter

Olav R. Haugen
Grunder og oppdretter

Carl O. Haugen
Klipper