Velkomen til Alpakka Norge

Alpakka Norge vart etablert av Connie og Olav Reidar Haugen i 2004. Vi bur og driv med alpakka i Hornindal, eit flott dalføre på Nord-Vestlandet ved Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Dalen ligg mellom fjord og fjell og er ein del av det som på turistspråket heiter "The Golden Route". 

Det er no over 15 år sidan vi nyttårsafta 2004 importerte dei 15 første alpakkaene som nokon gong var importert frå Chile til Norge. Sidan den tid har Alpakka Norge teke inn vel 100 alpakkaer gjennom 9 forskjellige importar. 

Ideen med alpakka går tilbake til 90-talet. Det var på vitjing hos familien til Connie i USA vi oppdaga alpakkaoppdrett. Der har dei drive med alpakkaoppdrett sia 1983, og USA er det landet utanfor Sør-Amerika som har mest alpakka.

Vår historie

1. januar 2015 er det 10 år sia Vi importerte dei 15 første alpakkaene til Norge. Det har vore nokre interessante år og ei fantastisk utvikling. Gjennom desse åra har vi importert alpakka frå Australia, New Zealand, Chile og England. I alt over 100 alpakka, og flesteparten selt vidare til andre som ville satse på alpakkaoppdrett. 

Etter kvart har vi blitt godt organisert gjennom eige avlslag Den norske alpakkaforening. Med over 120 medlemmar og nærmare 2000 alpakka. 

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now