top of page

Alpakkafakta

Alt du trenger å vite om alpakka

Frå Andesfjella til Noreg

Oppe på dei endeløse slettene i Andesfjella må alpakkaen takle å gå frå -25 grader celsius til +25 grader celcius i løpet av eit døgn. Alpakkaen er hardfør i høve til klima, og den er dyktig til å dekke primærbehova sine i den tørre og knappe vegetasjonen.

photo-snowcapped-mountain-ausangate-beautiful-day-with-blue-sky-with-alpacas.jpg

Alpakkafakta

Spørsmål og svar

  • Kven er alpakkaen i slekt med?
    Alpakkaen tilhøyrer den sør-amerikanske kamelfamilien saman med lama, guanacos og vicunas. Berre alpakka og lama er rekna som husdyr.
  • Kor mange typar alpakka finst det?
    Det er to typar alpakka - Suri (langhåra) og Huacaya. Huacaya er mest vanleg.
  • Kor gamle blir alpakka?
    Alpakkaen har ein levealder på 20 - 25 år.
  • Kor lenge er ein alpakka drektig?
    Alpakkahoppa er klar for paring etter 14 - 16 månader. Den går drektig i 335 - 340 dagar og kan føde ca. 15 avkom i løpet av levealderen. Tvillingar er ikkje vanleg men kan forekome. Criaen (avkomet) diar mora cirka 5 - 6 månader, men hoppa kan parast ca. 14 dagar etter fødsel.
  • Kor stor vert ein alpakka?
    Den har ei gjennomsnittleg skulderhøgd på 1 meter og er ca 1.5 meter høg. Den har ei gjennomsnittleg vekt på 50 - 70 kg. Criaen (namn på avkom) er 5 -9 kg ved fødsel.
  • Kan alpakkaene gå ute heile året?
    Alpakkaen kan gå ute heile året, men må ha mulegheit å søkje ly for veret og dessutan ha ein tørr og god plass ved fødselen.
  • Kor mykje beite treng ein alpakka?
    Arealkravet er ca. 1 dekar. Om sommaren beiter dei, men alpakkaene bør har tilgang på tørt høy året rundt. Foret innehalde lite protein (under 14%) og mykje fiber.
  • Kva et ein alpakka?
    Alpakkaen et stort sett det same som sau, geit og hest. I Andesfjella er dei vane med låg mattilgang og til å ta vare på det dei finn. Dermed et dei nesten alt frå planteriket! Sjølv om dei går ute på beite heile året bør dei alltid ha tilgang til tørrhøy. På menyen finn vi til dømes: høy ca 1kg om dagen i snitt på vinteren gras blad løvetann blomstrar staudar buskar furu kløver brennesle osv... På vinteren kan ein auke kosten litt med kraftfôrpellets, men det held med cirka ein handfull per alpakka per dag. I slutten av drektigheitstida bør dei få ekstra foring.
  • Litt om økonomi
    Pr. i dag blir ulla/fiberen omsett privat. Prisen kan variere noko. Det er og etablert fleire alpakkaspinneri. Alpakkaforeininga kan gje råd om prissetjing av fiberen og eventuelt spinneri som lager garn. Det er liten jordbruksstøtte å få, men beitetilskotet er cirka kr 60 per dyr i året. Største investeringa i eit slikt prosjekt er dyra. Ei drektig hoppe med slektstavle vil koste kr 60.000 – kr 100.000 i innkjøp. Variasjonen skuldast mest kvaliteten, men også alder er viktig. Prisen på ein kastrert hingst er typisk rundt kr 15.000. Ta gjerne kontakt om du lurer på kor mykje det eventuelt vil koste deg å starta med alpakkaoppdrett.
  • Kva gjer ein elles med alpakka?
    Alpakkaen har sidan utvikla seg til å bli eit dyr som ein hovudsakleg haustar ull frå, men også kjøt. Alpakkaene kan senke stress og blir difor rekna som terapidyr. – Dei kan absolutt vere med på å betra den mentale helsa til folk, meiner ekspertar. Det er blant anna difor at mange tilbyr alpakkavandring, som er svært populært.
  • Er alpakkagarn like varmt som ull?
    Alpakkaull er faktisk tre gongar varmare enn vanleg ull! Alpakka har mange eineståande brukseigenskapar som skil seg frå vanleg ull. Alpakka er cirka tre gonger varmare enn vanleg ull. Fiberen er hol, og han puster slik at han kjennest varm når det er kaldt og sval når det er varmt. Den naturlege fargen på alpakkaull kan variere mellom kvit, grå, beige, mørk brun og svart.
Alpakkaull

Alpakkaull - Fiber

Alpakkaen har hår med holrom, derav dei gode isolerande eigenskapane. Alpakkaull er tre gongar varmare enn vanleg ull. (På disse sidene har vi brukt nemninga ull og fiber framfor hår.)

 

Alpakkaull er sannsynlegvis den beste ulla som er å få kjøpt. Saman med mohair, angora og kashmir utgjer den kun 2,6% av ullmarknaden på verdsbasis.


Med alle dei gode eigenskapane som alpakkaull har, burde potensialet vere stort. Den er fleire gangar sterkare enn saueull, den er varmare, og den verken klør eller loar. Dessutan held den form og fasong mykje lenger enn ull frå sau.

I motsetning til saueull inneheld alpakkaull ikkje lanolin. Den er defor gunstig mot allergi. I tillegg tek den ikkje til seg lukt så lett som saueull.

Alpakka har 22 naturlege fargar med 250 forskjellige fargenyansar.

Dei forskjellige fiberkvalitetane:

Royal Alpaca ( <19 micron)
Baby Alpaca ( <22 micron)
Alpaca Super Fine (<25 micron)
Thick Fiber ( <32 micron )

Dess finare fiber, dess betre kvalitet og dess høgare pris får ein.

texture-wool-animal-lama-background-brown.jpg
Alpakkaavl

Avl i Noreg

Systematisk og målretta avl er framtida for alpakkaoppdrett også her i landet.

 

Føremålet med å satse på systematisk avl er å auke fibermengda per alpakka og samtidig få finare micron (tjukkelsen på håra).


Populasjonen av alpakka er globalt framleis på eit slikt nivå at produksjonen av fiber ikkje er stor industri endå, men det kjem, etterspørselen er der.

Skal vi kunne konkurrere med import frå andre land må vi vere minst like flinke og profesjonelle, og då er det berre ein veg som er farbar - AVL. I og med at dette globalt er på eit tidleg stadium har vi her i Noreg same mulegheitene som elles i verda berre vi satser seriøst og riktig.

Har du planar om å satse på alpakka er du velkomen til å ta ein uforpliktende prat med oss.

Alpakka Norge - Alpakkaavl
bottom of page