top of page

Alpakka Norge 

Om oss

20220604_143940.jpg

Velkomen til gårds

Indre Haugen

6763 HORNINDAL

Alpakka Norge vart etablert av Connie og Olav Reidar Haugen i 2005.


Vi bur og driv med alpakka i Hornindal, eit flott dalføre på grensa mellom Møre og Romsdal og
Vestland, ved Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet.

 

Dalen ligg mellom fjord og fjell, og er ein del av det som på turistspråket heiter «The Golden Route».

20220604_121225.jpg

Vi tilbyr

Lukkelege dyr

Prisvinnande fiber

Rådgiving ved oppstart

Målet vårt er å medverke til å få i gong ei ny nisjenæring i form av alpakkaoppdrett. Med den store og aukande interessa for alpakkadrift blant nordmenn, ser vi at det er stort potensiale.

 

Vi arbeider aktivt for at fleire skal få augene opp for desse flotta dyra og dei mulegheitene ved å satsa på alpakkadrift.

​

Vi vil og halde fram med å satse på import, oppdrett og vidaresal. Vi ønskjer meir enn gjerne å gi dei som er interessert god rettleiing og støtte i prosessen.

20220604_135015_edited.jpg

Historia vår

Alpakkafarmen i Hornindal

Ideen om å starte med alpakka går tilbake til eit besøk hos familien til Connie i USA der vi oppdaga alpakkaoppdrett. Der har dei drive med alpakkaoppdrett sidan 1983, og USA er det landet utanfor Sør-Amerika som har mest alpakka.

​

Ei journalistveninne hadde akkurat laga ein artikkel om alpakkaoppdrett i USA. Der var dette ein milliardindustri.


Då vi var komne heim att til Noreg sette vi i gong med å lese oss opp om alpakka, og i 2003 bestemte vi oss for å søkje om importløyve på 15 alpakka frå Chile gjennom ein mentor i England. Det tok nesten eit år å få løyva på plass. På den tida var det lite kjennskap til alpakka i Noreg.

​

Nyttårsafta 2004 fekk vi dei 15 første alpakkaene som nokon gong var importert frå Chile til Noreg. Sidan den tid har Alpakka Norge teke inn over 100 alpakkaer gjennom fleire importar.

​

​

20220604_124046.jpg
20220604_123534.jpg

Aukande interesse for alpakka i verda

Den langsiktige planen vår er å satse på å etablere ei ny næring i Noreg. Det er stor interesse både frå media og privatpersonar.

​

Sidan den første importen vår har det, både gjennom oss og andre vore importert og avla på alpakka. Slik at det i dag er 4.000 - 5.000 alpakka i Noreg.

​

I 2009 vart Den Norske Alpakkaforening stifta. Foreininga har i dag rundt 250 medlemmer med flokkar frå 2 til 250 dyr.


Frå 1983, då dei første alpakkaene kom til USA frå Peru, har alpakkaoppdrett spreidd seg til Australia, New Zealand og Europa. England er størst i Europa. No har og Kina byrja å satsa på alpakka.

​

Opphavet til alpakkaene finn vi høgt i Andesfjella i Peru, Chile og Bolivia.

Samarbeidspartnere 

Disse kan vera nyttige for deg og

Inca-Alpaca-logo
epcambridge_logo_edited.png
bottom of page