top of page

Våre dyr

Vil du starte med alpakkadrift?

Alpakkadrift

Er du interessert i å starte opp med alpakkadrift, så er det berre å ta kontakt for ein alpakkaprat. Vi kan tilby god oppfølging, og tilbod om bedekning frå ein av topphingstane våre.

 

Levering har vore utført av oss sjølve, dels for at vi også kan få sjå lokalitetane alpakkaene skal vere,  og dels for å svare på spørsmål som måtte dukke opp.

Vi veks for kvart år og no er vi nødt til å selge unna litt av flokken vår. Alle dyra har gitt oss flotte avkom og alle er premiumalpakka.

Ta gjerne kontakt ved interesse.

Kvalitet i botnen

Vi har heilt fra starten vore medvitne på å ta eit steg om gangen. Dei  første åra konsentrerte vi alt arbeidet om å bygge opp ei god grunnstamme av alpakka i Noreg.

 

Kvalitet i botnen er avgjerande for å lukkast. Dermed er grunnlaget lagt med tanke på foredling av ulla som vert produsert.

 

På same tid som dyret skal gje mykje ull, er det viktig å halde oppe kvaliteten på fibra. Fordelen med produksjon av ull i Noreg er at vi kan kvalitetssikre produktet fullt ut. 

Dette resulterer i at fiberet på dyra våre er av topp kvalitet.

Har du spørsmål om oppstart eller pris?

Har du planar om å satse på alpakka, er du velkomen til å ta ein uforpliktande prat med oss.

Ring (+47) 905 66 622 eller send oss ei melding via skjemaet under.

Takk for helsinga di, du høyrer frå oss snart.

20220604_133425_edited.jpg

"

Vårt mål med alpakkaoppdrett er å vere med og bidra til at alpakka kan bli ei framtidsretta, berekraftig og lønsam næring i norsk landbruk.

"

Olav Reidar Haugen

Avl i Noreg

Føremålet med å satse på systematisk avl er å auke fibermengda per alpakka og samtidig få finare micron (tynnare fiber).


Populasjonen av alpakka globalt er framleis på eit slikt nivå at produksjonen av fiber ikkje er stor industri endå, men det kjem, etterspørselen er der.

20220604_115742_edited.jpg
bottom of page